Eit identitetselement eller nøytralt element (forkorting: identitet) er eit element som ikkje endrar andre element i ei mengd når ein binær operasjon kombinerer dei to elementa.
La (S,) vera ei mengd S med ein binær operasjon *. Då er e ein venstreidentitet dersom e * a = a for alle a i S, ein høgreidentitet dersom a * e = a for alle a i S og ein identitet dersom den er både ein venstre- og ein høgreidentitet.
0 er eit vanleg symbol for ein additiv identitet, medan 1 er eit vanleg symbol for ein multiplikativ identitet.