Innlandet fylke | |||
fylke | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Del av | Austlandet | ||
Adm.senter | Hamar | ||
Areal | 52 072,4 km² | ||
• land | 49 395,9 km² | ||
• vatn | 2 676,5 km² | ||
Folketal | 376 304 (1. januar 2024) | ||
Folketettleik | 8 / km² | ||
Målform | nøytral | ||
Statsforvaltar | Knut Storberget | ||
Fylkesordførar | Thomas Breen (Ap) | ||
Fylkesnummer | 34 | ||
Innlandet fylke 61°30′00″N 10°40′00″E / 61.5°N 10.666666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Innlandet | |||
Nettstad: innlandetfylke.no |
Innlandet er eit fylke i Noreg som blei danna 1. januar 2020. Det består av dei tidlegare fylka Hedmark og Oppland bortsett frå kommunane Jevnaker og Lunner, som blei overførte til Viken fylke.[1] Innlandet grensar til Trøndelag fylke i nord, Møre og Romsdal i nordvest, Vestland fylke i vest og Viken i sør. Dessutan har det grense til Sverige i aust.
Området dekkjer nær 17 prosent[2] av fastlandsarealet i Noreg, og spennar frå Osloregionen i sør til Trøndelag i nord. Mot vest er regionen avgrensa av Jotunheimen og fjellområda i Valdres, og i aust av svenskegrensa.
Den største innsjøen i Noreg, Mjøsa, ligg sentralt plassert midt i Innlandet. Rundt Mjøsa ligg byane Brumunddal, Gjøvik, Moelv, Hamar og Lillehammer, som også er kjende som Mjøsbyane og Mjøsbyregionen.
I tillegg til den største innsjøen i Noreg husar Innlandet også det høgaste fjellet i Noreg, Galdhøpiggen, og den lengste elva, Glomma.