Inuittar

Inuittfamilie fotografert i 1928.
Foto: Edward S. Curtis

Inuittar (inuktitut ᐃᓄᐃᑦ) er ei samlenemning for arktiske urfolk frå Alaska, Grønland, dei kanadiske områda Nordvestterritoria, Nunavut, Quebec og den nordlege Labradorhalvøya og Den store Diomedeøya i Russland. Inuittar har tradisjonelt hatt ein svært lik kultur over heile dette området, både når det gjeld levevis, klede og språk. Inuittar blir ofte også omtala som «eskimoar», eit omgrep laga av utanforståande som blir mislikt av inuittane sjølv.


Developed by StudentB