James Joyce | |
![]() Fotografi av James Joyce frå rundt 191 | |
Statsborgarskap | Irland |
Fødd | 2. februar 1882 Rathgar |
Død |
13. januar 1941 (58 år) |
Yrke | lyrikar, romanforfattar, lærar, forfattar, skribent, journalist, litteraturkritikar, prosaforfatter |
Språk | engelsk |
Høgd | 71 tomme |
Sjanger | fiksjonslitteratur, dikt, psykologisk fiksjon, danningsroman, Medvitsstraum |
Religion | katolisisme |
Far | John Stanislaus Joyce |
Ektefelle | Nora Barnacle |
Born | Lucia Joyce, Giorgio Joyce |
![]() | |
James Joyce på Commons |
James Augustine Aloysius Joyce (2. februar 1882–13. januar 1941) var ein irsk forfattar, mest kjend for romanen Ulysses frå 1922. Joyce vert rekna mellom dei største irske forfattarane, og for å ha hatt stor kulturell påverknad på 1900-talet. Attåt Ulysses er den innvikla romanen Finnegan's Wake (1939), novellesamlinga Dubliners (1914) og den halv-sjølvbiografiske romanen A Portrait of the Artist as a Young Man (1916) mellom dei mest røynde verka hans Joyce.
James Joyce levde mesteparten av livet sitt utanfor Irland, men alle hans verk er djupt knytte til heimbyen hans, Dublin, og alle finn dei stad der. Mellom anna vert det ugreie tilhøvet hans til den irske katolske kyrkja spegla hjå romanfiguren Stephen Dedalus, som på mange vis er ein delvis sjølvbiografisk figur.