| |||||
Offisielle språk | Engelsk, fransk, jèrriais (regionalt) | ||||
Hovudstad | Saint-Hélier | ||||
Styresett Hertug
Viseguvernør Chief Minister |
Monarki Charles III Sir Tim Le Cocq Lyndon Farnham | ||||
Flatevidd - Totalt - Del vatn |
118,2 km² 0 % | ||||
Folketal (2004) - Tettleik |
90 502 | ||||
Status | Britisk kroneigedom | ||||
underlagt den britiske krona | 1204 | ||||
Valuta | Jersey-pund (likestilt med britisk pund) | ||||
Tidssone | UTC | ||||
Nasjonalsong | «Ma Normandie», «God Save the King» | ||||
Nasjonaldag | Frigjeringsdagen, 9. mai | ||||
Internasjonal telefonkode | +44-1534 |
Jersey er ei øy i Den engelske kanalen utanfor kysten av Normandie i Frankrike. Jersey er del av øygruppa Kanaløyane, som igjen er del av den større øygruppa Dei britiske øyane. Jersey er, på same vis som Isle of Man, formelt ikkje ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland (UK). Jersey er direkte lagd inn under den britiske monarken, som ein kroneigedom. Utanrikspolitikk og forsvarspolitikk vert for det meste teke hand om av britiske styresmakter.
Bailiwick of Jersey omfattar i tillegg små øygrupper som ikkje lenger er busette, Minquiers, Écréhous og Pierres de Lecq[1] i tillegg til andre holmar og skjer.
Jersey er ikkje eit fullt medlem av Den europeiske unionen, men er ein del av tollområdet i EU.[2]