Jesus | |||
| |||
Fødd | Betlehem, Nasaret | ||
---|---|---|---|
Død | Golgata | ||
Tittel | profet | ||
Opptrer i | Det nye testamentet, Koranen | ||
Identifisert med | Isa, Yeshu, Jesusbarnet, Jesus i ahmadiyya, Jesus i bahai, Jesus i kristendommen, Salvator Mundi, historiske Jesus, Sonen, Jesus i manikeismen, Christ Jesus | ||
Andre namn | gammalgresk Ἰησοῦς, Iēsoûs; hebraisk ישוע; arabisk عيسى, romanisert Isa | ||
Slekt | Den heilage familien, Huset David | ||
Gravstad | Gravkyrkja, Talpiotgraven, Garden Tomb, empty tomb, Jerusalem, tomb of Jesus Christ | ||
Land | Herodian Kingdom of Judea | ||
Mor | Jomfru Maria | ||
Far | Den heilage Josef, Gud Fader | ||
Medlem | treeininga |
Jesus[a] (ca. 4 f.Kr.–30/33 e.Kr.), også kjend som Jesus frå Nasaret eller Jesus Kristus, var ein jødisk predikant og religiøs leiar.[1] Han er den mest sentrale personen i kristendommen. Dei fleste kristne reknar han som inkarnasjonen av Sonen, og den venta Messias (Kristus) slik det var spådd i Det gamle testamentet.[2][3]
Nærast alle moderne oldtidsforskarar er samde i at Jesus var ein reell historisk skikkelse[b], men det finst motrøyster.[10][11] Innanfor forskinga på den historiske Jesus er det likevel stor usemje om den historiske truverda til evangelia og om i kor stor grad den bibelske Jesus speglar den historiske Jesus.[12][c][d] Jesus var ein galileisk jøde[1] som vart døypt av Johannes Døyparen. Han byrja ei eiga forkynnargjerning ved å tala til forsamlingar, og slik framføra bodskapen sin munnleg.[15] Han vart ofte omtala som «rabbi».[16] Jesus engasjerte seg i diskusjonar med jødar i samfunnet rundt seg om korleis ein best kunne følgja Gud, han søkte å lækja sjuke, underviste gjennom likningar og samla følgjarar.[17][18] Han vart arrestert og dømd av dei jødiske styresmaktene,[19] overført vidare til dei romerske myndigheitene og krossfesta på ordre av Pontius Pilatus, den romerske prefekten.[17] Etter Jesu død trudde følgjarane hans på at han steig opp frå dei daude, og samfunnet dei danna vart til slutt den kristne kyrkja.[20]
Jesu fødsel er feira årleg den 25. desember på helgedagen kjend som første juledag. Krossfestinga av han er markert på langfredag, og oppstoda hans er feira i påska. Den utbreidde årsteljinga «e.Kr.», den tilsvarande latinske nemninga anno Domini («Herrens år»), og det sekulære alternative «evt.» (for etter vår tidsrekning), er basert på Jesu omtrentlege fødselsdag.[21][e]
Etter kristen tru vart Jesus unnfanga av Den heilage ande, fødd av ei jomfru ved namnet Maria, utførte fleire under, grunnla Kyrkja, døydde av krossfesting for å oppnå forsoning, stod opp frå dei daude og steig opp til Himmelen, som han vil venda attende frå.[23] Dei fleste kristne trur at Jesus gjer det mogeleg for menneskja å forsonast til Gud. Den nikenske truvedkjenninga slår fast at Jesus vil dømma dei levande og dei daude[24] anten før eller etter den kroppslege oppstoda deira,[25][26][27] ei hending knytt til Jesu atterkome innan kristen eskatologi.[28] Brorparten av kristne tilbed Jesus som inkarnasjonen av Sonen, den andre av dei tre personane i Treeininga. Nokre få kyrkjesamfunn avviser treeiningslæra heilt eller delvis, og meiner at ho ikkje er støtta i Skrifta.
Jesus er òg vørda utanom kristendommen. Innan islam er Jesus (ofte translitterert som Isa) rekna som ein av profetane og som Messias.[29][30][31] Muslimar reknar Jesus som ein bodberar frå Gud, og trur at han vart fødd av ei jomfru, men ikkje som son av Gud. Koranen seier at Jesus sjølv aldri kalla seg guddommeleg.[32] Dei fleste muslimar meiner at Jesus ikkje vart krossfesta, men vart fysisk løfta opp til Himmelen av Gud. Jødedommen derimot avviser trua på at Jesus var den venta Messias, og argumenterer for at han ikkje oppfylte dei messianske profetiane og korkje var guddommeleg eller gjenoppliva.[33]
Referansefeil: <ref>
-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>
-merke vart funne
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Vermes 1981
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Oxford Companion
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet CEI
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Morgan