Jimi Hendrix | |||
Jimi Hendrix under ein opptreden for nederlandsk fjernsyn i 1967. | |||
Fødd | 27. november 1942 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Seattle | ||
Død | 18. september 1970 | ||
Dødsstad | Kensington | ||
Fødenamn | Johnny Allen Hendrix, omdøypt til James Marshall Hendrix då han var fire år. | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1961-1970 | ||
Sjanger | Hardrock, bluesrock, acidrock, pop, blues | ||
Instrument | Gitar | ||
Stemmetype | baryton | ||
Plateselskap | MCA, Reprise, Track, Polydor, Capitol | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar | ||
Mor | Lucille Hendrix | ||
Far | Al Hendrix | ||
Sambuar med | Devon Wilson, Linda Keith | ||
Prisar | UK Music Hall of Fame, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Grammy Lifetime Achievement Award |
James Marshall «Jimi» Hendrix (fødd 27. november 1942 i Seattle i Washington i USA, død 18. september 1970 i London i England)[1] var ein amerikansk gitarist, vokalist og låtskrivar. Etter fyrst å ha slått gjennom i Europa, vart han kjend i USA i 1967, etter å ha opptredd på Monterey Pop Festival. Seinare stod han i spissen under Woodstockfestivalen i 1969 og Isle of Wight-festivalen i 1970. Hendrix brukte ofte rå og forvridd forsterking, der både gitarforsterkinga og diskanten var høg, og han bidrog til utviklinga av den tidlegare uønskte akustiske tilbakekoplinga frå gitaren.[2] Han var ein av musikarane som populariserte bruken av wah-wah-pedalen i vanleg rock, og han brukte han ofte for å gje soloane sine ei overdriven tonehøgd, spesielt med høge sløyfer og bruk av legato rundt ein pentatonisk skala. Han henta inspirasjon frå bluesartistar som B.B. King, Muddy Waters, Howlin’ Wolf, Albert King og Elmore James[3][4][5][6] og rhythm and blues- og soulgitaristar som Curtis Mayfield og Steve Cropper, så vel som av moderne jazz.[7] I 1966 sa Hendrix, som spela i og var med på opptak med bandet til Little Richard frå 1964 til 1965, at «eg vil gjere med gitaren min det Little Richard gjer med stemma si.»[8]
Carlos Santana har meint at musikken til Hendrix kan ha vore inspirert av arven frå den delvis indianske bakgrunnen hans.[9] Som plateprodusent gjorde Hendrix også banebrytande arbeid ved å bruke platestudioet som eit tillegg til dei musikalske ideane sine. Han var ein av dei fyrste som eksperimenterte med effektar for stereofoni og faseforskyving (phasing) i rockeopptak.
Hendrix vann mange av dei mest prestisjefylte rockemusikkprisane medan han levde, og endå fleire etter at han var død. Mellom anna vart han teken opp i Rock and Roll Hall of Fame i 1992 og UK Music Hall of Fame i 2005. Ein blå plakett frå English Heritage i namnet hans vart sett opp ved den tidlegare bustaden hans i Brook Street i London i september 1997. Ei stjerne på Hollywood Walk of Fame (ved 6627 Hollywood Blvd.) vart dedikert til han i 1994. I 2006 vart debutalbumet hans i USA, Are You Experienced, innlemma i National Recording Registry, og bladet Rolling Stone sette Hendrix på fyrsteplass på lista over dei hundre største gitaristane gjennom tidene i 2003.[10] Han var også den fyrste personen som vart teken opp i Native American Music Hall of Fame.
Nokre musikarar og kommentatorar reknar han som den største elektriske gitaristen i rockemusikkhistoria ,[11][12][13] og som ein av dei viktigaste og mest innflytnadsrike musikarane i si tid, på tvers av ei rekkje sjangrar.[14][15][16]