John Lodge | |||
Lodge i 2007 med Moody Blues | |||
Fødd | 20. juli 1945 (79 år) Erdington i Birmingham England | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Birmingham | ||
Fødenamn | John Charles Lodge | ||
Opphav | England | ||
Aktiv | 1965 til i dag | ||
Sjanger | Rock, heavyrock | ||
Instrument | Bass, vokal | ||
Kjende instrument | Fender Jazz Bass | ||
Stemmetype | tenor | ||
Tilknytte artistar | The Moody Blues, Trapeze | ||
Plateselskap | Decca, Threshold | ||
Verka som | Musikar Låtskrivar Produsent |
John Charles Lodge (fødd 20. juli 1945) er ein engelsk musikar, mest kjend som bassgitarist, vokalist og låtskrivar i det langvarige rockebandet The Moody Blues. Han har òg arbeidd som plateprodusent. Lodge har samarbeidd med både bandlmedlemmane i Moody Blues, og med andre artistar, og har òg gjeve ut soloarbeid.
Lodge kom inn i The Moody Blues i 1966 då den originale bassisten i bandet, Clint Warwick, forlet bandet. Samstundes starta Justin Hayward som ny vokalist og gitarist. Han hadde erstatta Denny Laine. Lodge song på mange av songane til Moody Blues og skreiv mange songar for bandet.
Han samarbeidde òg med Hayward på albumet deira Blue Jays i 1975. I 1970-åra var han plateprodusent for bandet Trapeze.
I 1985 fekk the Moody Blues Ivor Novello-prisen for bidraga sine til musikk.