Joule er ei avleidd SI-eining for måling av energi. Symbolet for joule er J. Eininga er oppkalla etter den engelske fysikaren James Prescott Joule, og er definert ved hjelp av dei grunnleggjande einingane kilogram, meter og sekund.
Joule skal uttalast «jul» på norsk.
Wattsekund eller Ws er identisk til joule.