Juledekorasjon eller juleutstilling er ei oppstilling eller arrangement av ulike pynteelement i samband med jul. Slike utstillingar kan finnast på fleire ulike stader og ha mange føremål, som å skapa julestemning,[1] trekka til seg folk,[2] knyta saman lokalsamfunn, visa fram rikdom, samla inn pengar til veldedige føremål[3] eller selja varer.
Juledekorasjonar kan innehalda ulike former for eller framstillingar av julepynt, juletre, blomar og grønt, levande eller elektriske lys,[2] julefigurar, vintereffektar som pyntesnø og diverse andre element som kan minna om jul, lys eller vinter.
Det er vanleg å laga juledekorasjonar i heimar, institusjonar, offentlege stader og ulike verksemder som butikkar, stormagasin og kjøpesenter. Ein kan setja opp juledekorasjonar i oktober, november[4] eller desember. Dei blir gjerne tekne ned ein gong i januar.[3] Større dekorasjonar kan ha ei offisiell opning utført av til dømes ein kjendis, politikar eller annan lokal person.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Fairy
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Norwich
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Charity
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Raymond