Kabaret

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Kabaret (fleirtyding).
Pastellmåleri av Toulouse-Lautrec av kabaretlokalet Moulin Rouge i Paris i 1892.
Det kjende revyteateret Folies-Bergère i Paris opna allereie i 1869 og danna med dei storslåtte showa og dansejentene sine skule for andre kabaretscener i Vesten.

Ein kabaret, også skrive kabarét (uttala kabaré), er eit lite, intimt teater- eller kafélokale der det er servering, ofte ved småbord, og samtidig variert revyunderhaldning. Nemninga kabaret vert også brukt om sjølve programmet og denne typen underhaldning generelt. Ein kabaret vert vanlegvis framført av ulike artistar og er samansett av ulike nummer som visesong, diktopplesing, små sketsjar, dans og musikk.

Ordet «kabaret» kjem av det franske cabaret som tyder «lite vertshus», «kneipe» eller «kro». Kabaret vert på tysk kalla Kabarett og kan på fransk også verte omtala som à la daube. I Sverige vert kabaretliknande underhaldning ofte kalla «krogshow».


Developed by StudentB