Kaon

Eit K0-meson, som består av ein nedkvark og ein antisærkvark.

Kaon, òg kalla K-meson, er ein elementærpartikkel i familien meson. Det er kring 3,5 gonger tyngre enn p-mesonet og kring halvparten så tungt som protonet.

Det finst tre ulike kaon:

  • K+ er positivt ladd og består av ein oppkvark og ein antisærkvark
  • K- er negativt ladd og består av ein særkvark og ein antioppkvark
  • K0 er nøytral, og har to motsette ladningar som slår kvarandre ut, og består av ein nedkvark og ein antisærkvark.

Kaona vart observert for første gong av Cecil Frank Powell i 1947.


Developed by StudentB