República de Cabo Verde
(norsk: Kapp Verde, kappverdisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Cântico da Liberdade» | ||||||
Motto | Unidade, Trabalho, Progresso (portugisisk: 'Eining, arbeid, framsteg' | ||||||
Offisielle språk | Portugisisk | ||||||
Hovudstad | Praia | ||||||
Styresett |
Republikk Jorge Carlos Fonseca José Maria Neves | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
4 033 km² (168.) Uviktig | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Folketeljing (2001) – Tettleik |
560 899 (169.) 401 343 139,1 /km² (61.) | ||||||
Sjølvstende gjeve av Portugal |
5. juli 1975 | ||||||
Nasjonaldag | 5. juli | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
3 479 mill. USD (168.) 7 500 USD (126.) | ||||||
Valuta | Kappverdisk escudo | ||||||
Tidssone | UTC-1 | ||||||
Telefonkode | +238 | ||||||
Toppnivådomene | .cv
|
Kapp Verde (portugisisk Cabo Verde) er ein øyrepublikk utanfor vestkysten av Afrika, nord i Atlanterhavet. Øyane, som tidlegare var aude, blei oppdaga og busette av portugisarar på andre halvdel av 1400-talet, og blei seinare brukte som hamn for den afrikanske slavehandelen. Dei fleste av dagens innbyggjarar på øyane stammar frå begge desse gruppene. Cape Verde er kalla opp etter Cap-Vert, det vestlegaste punktet på fastlandsafrika, som i dag høyrer til Senegal.