Karl XII | |||
Statue av Karl XII på Karl XIIs torg i Stockholm | |||
Konge av Sverige | |||
Regjeringstid | 5. april 1697–30. november 1718 (formyndarregjering til november 1697) | ||
---|---|---|---|
Fødd | 17. juni 1682 | ||
Fødestad | Stockholm | ||
Død | 30. november 1718 (36 år) | ||
Dødsstad | Fredrikshald i Noreg | ||
Gravstad | Riddarholmskyrkan i Stockholm | ||
Føregangar | Karl XI av Sverige | ||
Etterfølgjar | Ulrika Eleonora av Sverige | ||
Gift med | Aldri gift | ||
Dynasti | Huset Pfalz-Zweibrücken-Kleeburg | ||
Motto | Dominus protector meus (latin, 'Herren er min hyrde') Med Guds hjälp | ||
Far | Karl XI av Sverige | ||
Mor | Ulrika Eleonora d.e. |
Karl XII , (fødd 17. junijul./ 27. juni 1682greg. i Stockholm, død 30. novemberjul./ 11. desember 1718greg. i Fredrikshald) latin Carolus Rex, var svensk konge frå 1697 til 1718. Han vart skoten ved Fredriksten festning i Fredrikshald (Halden). Han leidde Sverige gjennom ei rad erobringskrigar. Saman med Gustaf II Adolf er han den mest kjende svenske krigarkongen. I Sverige kan han verta omtala som «hjältekonungen» eller «krigarkungen».
Karl vart konge femten år gamal og reiste frå landet tre år seinare for å ta del i krigshandlingar i Europa. Ei stund vart Sverige ei leiande makt nord i Europa. Polen-Sachsen, Danmark-Noreg, og Russland allierte seg for å gå til åtak på Sverige. Slik byrja Den store nordiske krigen. Ein trudde at sidan Karl XII var så ung, ville han ikkje kunna makta å organisera eit forsvar av landet.