Kaspihavet | |||
innsjø | |||
Satellittbilde av Kaspihavet. (Kjelde: NASA)
| |||
Land | Russland, Kasakhstan Turkmenistan, Iran Aserbajdsjan | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | Endorheisk Saltsjø | ||
Tilsig | Volga, Uralelva | ||
Utløp | Fordamping | ||
Nedslagsfelt | 3 626 000[1] km² | ||
Opphaldstid | 250 | ||
Høgd over havet | –28 moh. | ||
Areal | 371 000 km² | ||
Middeldjupn | 184 m | ||
Største djupn | 1 025 m | ||
Volum | 78 200 km³ | ||
Koordinatar | 40°N 51°E / 40°N 51°E | ||
Kaspihavet 42°00′N 50°30′E / 42°N 50.5°E | |||
Wikimedia Commons: Caspian Sea |
Kaspihavet er verdas største innsjø og ligg mellom Asia og Europa. Det har ei overflatevidd på 371 000 km² og er 1 025 meter på det djupaste. Kaspihavet er endorheisk, som vil seie at han ikkje har noko utsig. Det har ein salinitet på om lag 1,2 % som er ein tredjedel av dei fleste havområda. Saltinnhaldet og storleiken på sjøen har gjort at han tradisjonelt er blitt kalla eit hav. I dag har innsjøen framleis namn med «havet» i på mange språk, og vert ofte rekna som eit innlandshav.
Kaspihavet er kalla opp etter den gamle folkegruppa kaspiarar. Romarane kalla han «Mare Caspium».[2]