Keir Starmer | |||
| |||
Fødd | 2. september 1962 (62 år) Southwark | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Storbritannia | ||
Parti | Det britiske arbeidarpartiet | ||
Yrke | Skrankeadvokat, politikar, jurist | ||
Institusjonar | Crown Prosecution Service Doughty Street Chambers | ||
Utdanna ved | University of Leeds St Edmund Hall Reigate Grammar School | ||
Mor | Josephine Anne Baker | ||
Far | Rodney Starmer | ||
Ektefelle | Victoria Starmer | ||
Alle verv |
|
Keir Rodney Starmer (fødd 2. september 1962) er ein britisk politikar og advokat som er statsminister i Storbritannia sidan 5. juli 2024.[1][2]
Etter å ha fått advokatbevilling på 1900-talet arbeidde Starmer som forsvarar, med spesialisering i menneskerettar.[3] Han blei utnemnd til Queen’s Counsel (QC) i 2002. Starmer var direktør i påtalestyresmakta for England og Wales, Crown Prosecution Service, frå 2008 til 2013.[4] Han blei utnemnd til Knight Commander av Order of the Bath (KCB) i 2014 for tenester til juss og kriminalomsorg.[5]
Starmer blei vald inn i Underhuset i 2015. Han blei tatt i eid som medlem av Privy Council den 19. juli 2017.[6] Han blei leiar for Det britiske arbeidarpartiet den 4. april 2020.[7]