Klaus

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Klaus i Vorarlberg.

Klaus og Claus er opphavleg tyske kortformer av mannsnamnet Nicolaus, ei latinsk form av det greske namnet Nikolaos, som er danna av nike, 'siger', og laós, 'folk'. Namnet er òg brukt som slektsnamn. Det er også kjend som namnet til den amerikanske julenissen, Santa Claus, som har røter frå Den heilage Nicolaus.

Klaus har namnedag i Noreg den 23. november. Andre skrivemåtar av Klaus er Clavs, Claes, Klas og Klávus.


Developed by StudentB