Kondensasjon er ein faseovergong frå gass (eller damp) til ei væske. Vanlegvis oppstår kondensasjon når gass blir avkjølt til væskeform, men kan òg oppstå visst gassen blir komprimert (t.d. at trykket aukar). Ei væske som har kondensert frå ein gass blir kalla kondensat. Utstyr eller lekam som fører til kondensert væske blir kalla kondensator.
Kondensasjon av gass til væske er det motsette av fordamping eller koking, og er ein eksotermisk prosess, som betyr at varme blir frigjort. Vatn som ein kan sjå på utsida av kalde glas på ein varm dag er kondensasjon.