Kveite | |
Systematikk | |
Orden: | Grasordenen |
Familie: | Grasfamilien |
Underfamilie: | Pooideae |
Slekt: | Kveite Triticum |
Kveite er fellesnamn for kornslaga av Triticum-slekta. Kveite er vår mest utbreidde kulturplante, frå Trøndelag til Sørøya på New Zealand, og i Kina frå havnivå til over 4000 m i Tibet. Kveite utgjer 40-50% av kaloriane i kosten i land frå Nord-Afrika til Sentral-Asia og har prega kulturen i landa i tusenvis av år. Kveite er nr 3 i produksjon etter mais og ris. Føremonen med kveiten framfor andre kornartar er bakeeigenskapane til gjæra brød. Kveite er den viktigaste kornarten i verdshandelen, pris og tilgang er av stor politisk betyding.