Kvensk kvääni | ||
Klassifisering | Uralsk austersjøfinske språk | |
Talarar | kvener | |
Bruk | ||
Tala i | Noreg | |
Kvensktalande i alt | 5 000 - 8 000[1] | |
Rangering | 106 | |
Skriftsystem | Latinsk | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | fkv | |
Glottolog | kven1236
|
Kvensk (på kvensk kvääni[2], tidlegare kainun kieli eller kveenin kieli), tidlegare òg kvænsk, er eit finsk-ugrisk språk som òg kan klassifiserast som ein dialekt av finsk. Kvensk er språket til kvenene — ei folkegruppe som er etterkommarar av finnar som innvandra til Troms og Finnmark frå 1600-talet av frå grensedalen mellom Sverige og Finland, Tornedalen, og frå Nord-Finland. Kvensk språk har ein viss status som språk i Porsanger kommune.[3]
I kvenske/finskætta miljø er det mykje diskusjon om ein ynskjer eit eige kvensk skriftspråk eller å halde på det riksfinske som blir lært i skulane i dag.
På eit møte i 2008 vart det vedtatt at skriftspråksnormalen som er under utarbeiding, skal basere seg på eit kompromiss mellom alle dei kvenske dialektane, og samstundes vere ei tilnærming mot meänkieli.[4]
I januar 2006 vart det starta eit studium i kvensk ved universitetet i Tromsø. Studiet går over tre semester, og ein kan studere enkeltemne som kvensk språk og kvensk kultur og litteratur.