Latvijas Republika
(norsk: Latvia, latvisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Dievs, svētī Latviju!» | ||||||
Motto | Ikkje noko | ||||||
Offisielle språk | Latvisk | ||||||
Hovudstad | Riga | ||||||
Styresett |
Republikk Edgars Rinkēvičs Evika Siliņa | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
64 589 km² (123.) 1,5 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
1 944 643 (144.) 30,1 /km² (148.) | ||||||
Sjølvstende - Erklært - Anerkjent - Tapt Sjølvstende - Erklært - Anerkjent |
Frå Russland 18. november 1918 11. august 1920 17. juni 1940 Frå Sovjetunionen 4. mai 1990 21. august 1991 | ||||||
Nasjonaldag | 4. mai | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
49 890 mill. USD (106.) 25 300 USD (54.) | ||||||
Valuta | Euro | ||||||
Tidssone | UTC +2 | ||||||
Telefonkode | +371 | ||||||
Toppnivådomene | .lv
|
Republikken Latvia er eit lite land nordaust i Europa. Latvia grensar til Austersjøen i vest, til Estland i nord, til Russland og Kviterussland i aust og til Litauen i sør. Landet er òg kalla Lettland[1], eit namn som var vanleg på norsk særleg i mellomkrigstida då landet fyrst fanst på europakartet som eiga eining.
Landet vart okkupert av sovjetiske troppar sumaren 1940 som del av Molotov-Rinnetrop-avtala, der mellom anna dei baltiske statane vart gjevne til Sovjetsamveldet av tyskarane, utan omsut til folket i dei tre landa. Frå 1940 til 1991, avbrote av den tyske okkupasjonen 1941-1944/45, var landet underlagt styret i Moskva som den latviske sosialistiske sovjetrepublikken. Dagens republikk kom til i 1991, då landet braut ut av Sovjetunionen.