Laurvigen grevskap (Grevskapet Larvik) vart oppretta den 29. september 1671, då Brunla amt vart gjort om til grevskapet Laurvigen. Grevskapet omfatta seinare Larvik, Sandefjord og Tjøme kommunar, i tillegg til delar av Andebu kommune.
I 1821 vart grevskapet slege saman med Jarlsberg grevskap til Jarlsberg og Larvik amt.