Lauvtre er ei stor gruppe plantar som kan bli til tre og har store, flate blad. Grupperinga blir ikkje brukt systematisk innan botanikken, ettersom ho omfattar tre innan svært ulike familiar. Ho er likevel ei vanleg nemning fordi lauvtre har lik utsjånad og fordi veden deira gjerne har liknande struktur. Mange lauvtre er lauvfellande.
Dei fleste lauvtrea er einfrøblada, som bjørk og eik, eller tofrøblada, som bambus og palmetre. Blant nakenfrøingane finst òg ei slekt afrikanske bartre som har ei form for lauv. Det eineståande tempeltreet har òg lauvaktige blad.