Levon Helm | |||
Levon Helm spelar i 2004 i Village Green i Woodstock i New York. | |||
Fødd | 26. mai 1940 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Marvell i Arkansas i USA | ||
Død | 19. april 2012 (71 år) | ||
Dødsstad | New York by | ||
Fødenamn | Mark Lavon Helm | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1957 til i dag | ||
Sjanger | Rock and roll, rhythm and blues, rock, blues, country, folk | ||
Instrument | Vokal, trommer, mandolin, gitar, bass, munnspel | ||
Stemmetype | tenor | ||
Tilknytte artistar | The Band, Ronnie Hawkins & The Hawks, Bob Dylan, Levon Helm's Ramble on the Road, Levon Helm and The RCO All-Stars, Ringo Starr & His All-Starr Band | ||
Plateselskap | Capitol, Mobile Fidelity, MCA, Breeze Hill, Levon | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, skodespelar, plateprodusent | ||
Born | Amy Helm | ||
Prisar | Americana Award for Artist of the Year, Americana Lifetime Achievement Award for Performance |
Mark Lavon «Levon» Helm (26. mai 1940–19. april 2012) var ein amerikansk rockemusikar og multi-instrumentalist, som var mest kjend som trommeslagar og ofte solovokalist i The Band. Helm var kjend for den djupe, sjelfulle, countryaktige stemma og den kreative trommestilen frå innspelingane til The Band, som på «The Weight», «Up on Cripple Creek», «Ophelia» og «The Night They Drove Old Dixie Down». For albumet Dirt Farmer frå 2007 vann han Grammyprisen for beste tradisjonelle folkealbum, og i november same år rangerte musikkmagasinet Rolling Stone han som den 91. beste songaren gjennom tidene.[1] I 2010 vann han med Electric Dirt frå 2009 Grammyrpisen for beste americanaalbum, ein kategori som var nystarta dette året.[2]
Helm hadde roller i filmane Coal Miner's Daughter, The Right Stuff og The Three Burials of Melquiades Estrada.
Siste bandet Helm spelte i var bluesgruppa The Levon Helm Band, der òg dottera, Amy, spelte.
Han har gjeve ut sjølvbiografien This Wheel's on Fire, der han er særs kritisk til bandmedlemmen Robbie Robertsen si rolle under oppløysinga av The Band.