Eit linjeskip er eit tremasta, fullrigga orlogsfartøy med to eller tre, og i nokre få tilfelle fire, dekk, utrusta med 50 til 130 kanonar. Dei første linjeskipa vart bygde på 1600-talet. Linjeskipa vart utrangerte ved innføringa av pansra skip i 1860-åra.