Linux

Denne artikkelen handlar om Linux-tufta operativsystem og nærskylde emna. For sjølve kjernen, sjå linuxkjernen.
Linux


skapar(ar)Linus Torvalds
Utgjeve17. september 1991
Nyaste versjon6.7.6 (8. januar 2024)[1]
PlattformDEC Alpha, x86, x86_64, ARM, PowerPC, RISC-V, MIPS
Skrevet iC, assembler, Rust
Bygger påLinux-kjernen
LisensBerre GNU General Public License v2
Nettstadhttps://kernel.org/

Linux er eit operativsystem, tufta på open kjeldekode. Nemninga Linux gjeld eigentleg berre Linuxkjernen, men vert òg nytta om heile Linuxdistribusjonar, som i tillegg til Linuxkjernen inneheld mykje programvare, som fleire ulike bibliotek, brukargresesnitt, verktøy og brukarprogram frå GNU-prosjektet.

Linux vart opphavleg utvikla for Intel 386-mikroprosessorar, men stør no fleire ulike prosessorarkitekturar. Det vert nytta i alt frå personlege datamaskinar til superdatamaskinar. Det finst òg fleire miniversjonar for små innbaka system som mobiltelefonar og videokamera. For eksempel, er Linux brukt som kjerna i mobiloperativsystemet Android.

Etter å ha vorte utvikla mest av einskilde entusiastar i byrjinga, har Linux fått støtte av store selskap som IBM og Hewlett-Packard. Dette har gjort at proprietære operativsystem som versjonar av Unix og Microsoft Windows har mista marknadsdelar til Linux i tenarmarknaden. Tilhengjarar og mange analytikarar gjev leverandøruavhengigheit, låge realiseringskostnadar, tryggleik, tilgjenge til kjeldekode og stabilitet mykje av æra for denne framgangen.

  1. Greg Kroah-Hartman (23. februar 2024). «Linux 6.7.6». Henta 28. februar 2024. 

Developed by StudentB