Republique du Mali
(norsk: Mali, malisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Le Mali» | ||||||
Motto | Fransk: Un peuple, un but, une foi (eit folk, eit mål, ei tru) | ||||||
Offisielle språk | Fransk | ||||||
Hovudstad | Bamako | ||||||
Styresett |
Republikk Assimi Goïta (fungerande) Choguel Kokalla Maïga (fungerande) | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
1 240 192 km² (23.) 1,6 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
17 885 245 (65.) 14,4 /km² (177.) | ||||||
Sjølvstende frå Frankrike |
20. juni 1960 | ||||||
Nasjonaldag | 22. september | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
29 150 mill. USD (125.) 2 000 USD (176.) | ||||||
Valuta | CFA-franc | ||||||
Tidssone | UTC | ||||||
Telefonkode | +223 | ||||||
Toppnivådomene | .ml
|
Mali er ein stat i Vest-Afrika som har grenser til Algerie i nord, Niger i aust, Burkina Faso og Elfenbeinskysten i sør, Guinea i sørvest og Senegal og Mauritania i vest. Landet har inga kystline, men dekkjer i staden delar av Sahara i nord. Ein finn to store elvar, Niger og Senegal, og dei fleste innbyggjarane av landet i sør. Landet, som tidlegare var kalla Fransk Sudan, tok namnet sitt etter Maliriket.