Mangefotingar

Mangefotingar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Bilaterale dyr Bilateria
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Mangefotingar Myriapoda
Latreille, 1802
Apheloria virginiensis er eit fargerikt tusenbein frå USA

Mangefotingar (Myriapoda) er ei stor gruppe landlevande leddyr som vert kjenneteikna av mange einsarta kroppssegment med kvar sine beinpar. Ein reknar med fire grupper (klassar); tusenbein, skolopenderar, dvergfotingar og fåfotingar, og dei er utbreidd over heile verda bortsett frå Antarktis. Ein reknar med i underkant av 13 000 registrerte nolevande artar.[1] 76 av desse er funne i Noreg.[2] I Norden totalt førekjem det 111 artar.

Dei eldste fossile mangefotingane er frå sein ordovicium/tidleg silurtid, og omfattar mest sannsynleg òg marine artar. Dei første sikre funna av landlevande mangefotingar er frå midten av silur, og liknar på tusenbein.

  1. Waggoner, Ben (1996): Introduction to the Myriapoda University of California, Berkeley
  2. Djursvoll, Per (2007): «Mangeføttinger» i Insekt-Nytt #1/2 2007[daud lenkje]

Developed by StudentB