Maori te reo Māori | ||
Klassifisering | Austronesisk Malayopolynesisk Sentralt austleg Austleg malayopolynesisk Oseanisk Sentralt austleg Fjerntliggande Polynesisk Kjernepolynesisk Austpolynesisk | |
Bruk | ||
Tala i | New Zealand | |
Maoritalande i alt | 157 000[1] | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | mi | |
ISO 639-3 | mri | |
Wikipedia på maori |
Maori (maori māori, uttalt [ˈmaːɔɾi]) er eit polynesisk språk snakka av maoriar på New Zealand, der det er eitt av tre offisielle språk. Maori er i nær slekt med tahitisk og rarotongansk, noko fjernare med hawaiisk og markesisk, og er endå fjernare i slekt med vestpolynesiske språk, som samoansk, tongansk og niuisk.
Ved folketeljinga i New Zealand i 2005 var det 157 110 som oppgav at dei kunne ha ein kvardagsleg samtale på maori.[1]