Mark Rutte | |||
| |||
Fødd | 14. februar 1967 (57 år) Haag | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Kongeriket Nederlanda | ||
Yrke | politikar, historikar, lærar | ||
Institusjonar | Unilever Calvé | ||
Utdanna ved | Universitetet i Leiden International Institute for Management Development | ||
Alle verv |
|
Mark Rutte (fødd 14. februar 1967) er ein nederlandsk politikar frå Haag, som sidan 1. oktober 2024 har vore generalsekretær i Nato.[1][2]
Han var statsminister i Nederland frå 2010 til 2024, og var såleis den lengst sitjande statsministeren i nederlandsk historie.[3] Hans fjerde regjering vart sett inn den 10. januar 2022, knapt ti måneder etter parlamentsvalet i Nederland 2021.[4] Dette regjeringssamarbeidet braut saman i juli 2023. Rutte meddelte kort tid etter dette at han ville trekkja seg frå politisk arbeid, men måtte inntil vidare halda fram som statsminister i eit forretningsministerium.[5] Han var leiar i det liberalistiske høgrepartiet Volkspartij voor Vrijheid en Democratie (VVD) frå 29. mai 2006 til 2023.