Marmarahavet (gresk Θάλασσα του Μαρμαρά, tyrkisk Marmara Denizi), i antikken kalla Propontis (gresk Προποντίς) er eit innhav mellom Svartehavet og Egearhavet som skil den europeiske og den asiatiske delen av Tyrkia frå kvarandre. Bosporossundet går frå Marmarahavet til Svartehavet, medan Dardanellane går til Egearhavet. Området dekkjer kring 11 350 km² (280 km x 80 km)[1] og den største djupna er 1370 meter.