Matematikk

Algebraisk geometri ei ei grein av matematikken. Her ei simulering av ei Enzensberger-stjerne.

Matematikk kan lettfatteleg seiast å vera læra om generaliseringar kring tal og rom; aritmetikk, algebra, geometri, topologi og så vidare. Med ein moderne definisjon er matematikk læra om strukturar på mengder. Med ein struktur meiner ein då eit system av samband mellom element i ei mengd, definert ut frå binære operasjonar og ein del aksiom.

I matematikk skil me ofte mellom teoretisk matematikk og praktisk matematikk. Førstnemnde tek for seg matematikken i seg sjølv, medan sistnemnde tek for seg bruk av matematikk innanfor fleire andre fagfelt, mellom anna fysikk, økonomi, samfunnsvitskap og biologi.

Matematikk har sitt eige symbolspråk, matematisk språk, som er rimeleg likt og forståeleg for matematikarar i alle land.


Developed by StudentB