Mehrgarh (urdu مﮩرگڑھ ) er ein arkeologisk funnstad frå yngre steinalder (neolittisk tid) frå ca. 7000 f.Kr. til 2000-talet f.Kr. Det ligg på Kachisletta i dagens Balutsjistan i Pakistan.
Den eldste busetjinga her, i det nordaustre hjørnet av funnstaden, var ein liten landsby som var busett frå rundt 6500 f.Kr.[1] Han er ein av dei eldste funnstadene med spor etter jordbruk og dyrehald i Sør-Asia.[2] Ein dyrka kveite, bygg, jujube og dadlar og heldt storfe, sauer og geiter.[3] Det blei drive handel slik at dei hadde tilgang på turkis frå Iran og Sentral-Asia, lapis lazuli frå dagens Nord-Afghanistan og skjel frå kysten av Arabiahavet.[1] Boring i jekslar til fleire folk gravlagde på staden kan vera eit av dei eldste døme på tannlækjarkunst i historia.[4]
Mehrgarh ligg på vestbreidda av Bolanelva og nær Bolanpasset, ein fjellovergang gjennom Toba Kakar-fjella i vestlege Pakistan, rundt 120 km frå den noverande grensa mot Afghanistan. Det ligg mellom dagens pakistanske byar Quetta, Kalat og Sibi og vest for Indusdalen. Funnstaden blir i dag rekna som ein forløpar for Induskulturen. Mehrgarh var busett samanhengjande fram til rundt 2600 f.Kr.[5]
Området omfattar fleire menneskelaga høgder (kjend som tell i arkeologien). Staden blei oppdaga i 1974 av ei arkeologisk gruppe leia av franske Jean-François Jarrige og Catherine Jarrige. Det rundt 2 km² store området blei grove ut frå 1974 til 1986, og igjen frå 1997 til 2000. Dei arkeologiske sjikta går over 11 meter ned.[2] Ein har gjort arkeologiske funn i seks haugar, til saman rundt 32 000 ulike leivningar.[1]