Estados Unidos Mexicanos
(norsk: Mexico, meksikansk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Himno Nacional Mexicano» | ||||||
Motto | El respeto al derecho ajeno es la paz (Spanish : Respect for the rights of others is peace) also sufragio efectivo – no reelección (Spanish: effective suffrage - no re-election) is widely in use on government documents | ||||||
Offisielle språk | Spansk | ||||||
Hovudstad | Mexico by | ||||||
Styresett |
Forbundsrepublikk Andrés Manuel López Obrador | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
1 964 375 km² (13.) 2,5 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
124 574 795 (11.) 63,4 /km² (120.) | ||||||
Sjølvstende - Erklært - Anerkjent |
Frå Spania 16. september 1810 27. september 1821 | ||||||
Nasjonaldag | 16. september | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
2 220 000 mill. USD (11.) 19 300 USD (69.) | ||||||
Valuta | Meksikansk peso | ||||||
Tidssone | UTC -5 til -7 | ||||||
Telefonkode | +52 | ||||||
Toppnivådomene | .mx
|
Dei sameinte meksikanske statane eller berre Mexico (spansk Estados Unidos Mexicanos eller México) er eit land som ligg i Nord- og Mellom-Amerika med grenser til USA i nord og Guatemala og Belize i søraust. I sør og vest har landet kystline mot Stillehavet, og i aust mot Mexicobukta og Det karibiske havet. Det er det nordlegaste landet i Latin-Amerika og det folkerikaste spanskspråklege landet i verda.
Landet er ein føderal republikk og har over hundre millionar innbyggjarar. Rundt 20 millionar av dei bur i og rundt hovudstaden Mexico by. Det høgaste fjellet i landet er vulkanen Pico de Orizaba.
I rundt tre tusen år var Mexico heimen til fleire mesoamerikanske sivilisasjonar, slik som olmecane, mayaene og aztekarane. Etter at aztekarane var overvunne i 1521, la spanske conquistadorar landet under seg og grunnla Nye Spania, ein koloni som vara i tre hundre år.
Den katolske presten Miguel Hidalgo erklærte landet sjølvstendig frå Spania i 1810. Dette førte til ein lang krig som til slutt enda med at Mexico blei eit sjølvstendig keisardøme i 1821. Det blei utropt til republikk i 1824.