Minnesota

Minnesota
delstat
Flagg
Våpen
Land  USA
Del av Midtvesten, det kontinentale USA
Hovudstad Saint Paul
Areal 225 170 km²
 •  land 206 189 km²
 •  vatn 18 981 km²
Folketal 5 576 606  (2017)
Folketettleik 27 / km²
Guvernør Mark Dayton
Før innlemming Minnesota-territoriet
Innlemma i USA 11. mai 1858
Statsnummer 32.
Forkorting MN
Kart
Minnesota
46°N 94°W / 46°N 94°W / 46; -94
Wikimedia Commons: Minnesota
Nettstad: mn.gov

Minnesota er ein delstat i USA. Hovudstaden er Saint Paul. Minnesota er den 32. delstaten i Sambandsstatane (USA), og vart ein del av USA den 11. mai 1858. Namnet kjem av dakota-indianarane sitt namn på Minnesotaelva, mini sota. Namnet kan omsetjast med «røyk-kvitt vatn» eller «skyfarga (himmelblått) vatn.» Minnesota kan verta forkorta til MN eller Minn.

Minnesota er den største staten etter flatevidd i midtvesten i USA. Staten ligg i regionen øvre midtvesten. (Upper Midwest). Det mest bymessige området er kjent som tvillingbyane. I tvillingbyane Minneapolis og Saint Paul, bur kring halvdelen av innbyggjarane i Minnesota. Duluth er ein viktig hamneby. Staten omfattar områda vest for Lake Superior og øvre del av Mississippielva

I staten er det mykje landbruk og matproduksjon. Det finst mange naturressursar. Mange av innbyggjarane i staten stammar frå nordiske innvandrarar.

Eit kallenamn på staten er «Gopher State» ('jordekorn/kinnposerottestaten', etter ein vitseteikning frå 1858). Andre kallenamn er Land of 10 000 Lakes ('landet med 10 000 innsjøar') og North Star State ('nordstjernestaten').[1]

  1. Minnesota State Symbols--Unofficial, Proposed, or Facetious , leg.state.mn.us.

Developed by StudentB