Mohs hardleiksskala

Mineral merka med kva tal dei har på Mohs hardleiksskala.

Mohs hardleiksskala er eit mål for kor harde eller ripefaste ulike mineral er. Skalaen gjekk opphavleg frå 1 til 10, der 10 er mest ripefast. Eit materiale med hardleik på 7 etter Mohs skala kan laga riper i eit materiale med same hardleik og mindre, men ikkje i eit materiale med høgare verdi.[1]

Metoden vart utvikla slik at ein kan nytte godt kjente mineral eller lett tilgjengelege material, for å finne kor ripefaste andre er. Skalaen er derfor ikkje lineær og hardleiken mellom nivåa på skalaen kan variere.

Skalaen vart skapt i 1812 av den tyske mineralogen Friedrich Mohs og er ein av fleire definisjonar på hardleik i materialvitskap.[2][3]

Metoden er ikkje nøyaktig nok til å nyttast i industrien der ein heller nyttar eit sklerometer for å måle absolutt hardleik til mineral og keram. Ein kan òg nytte Vickers hardleik eller Knoop hardleik for å lage nøyaktige målingar av hardleiken til mineral.[4][5]

Metoden er lite eigna til måle hardleiken på sprø material ved å ripe i dei.

  1. Norsk Steinbok. Torgeir T. Garmo. 3. utgåva 1995
  2. Encyclopædia Britannica. 2009. Encyclopædia Britannica Online. 22. feb. 2009 "Mohs hardness."
  3. Mohs Scale of Mineral Hardness.American Federation of Mineralogical Societies [1]
  4. "Mohs hardness." Encyclopædia Britannica. 2008. Encyclopædia Britannica Online. 23 Dec. 2008 [2]
  5. Mineral Hardness and Hardness Scales.Inland Lapidary [3] Arkivert 2008-10-17 ved Wayback Machine.

Developed by StudentB