Republica Moldova
(norsk: Moldova, moldovsk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Limba noastră» | ||||||
Motto | Ikkje noko | ||||||
Offisielle språk | Moldovsk (rumensk) (+ russisk i Transnistria og Gagauzia, ukrainsk i Transnistria, gagausisk i Gagauzia) | ||||||
Hovudstad | Chișinău | ||||||
Styresett |
Republikk Maia Sandu Dorin Recean | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
33 851 km² (137.) 1,4 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
3 474 121 (131.) 102,6 /km² (76.) | ||||||
Sjølvstende |
Frå Sovjetunionen 27. august 1991 | ||||||
Nasjonaldag | 27. august | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
17 400 mill. USD (145.) 5 100 USD (141.) | ||||||
Valuta | Leu | ||||||
Tidssone | UTC +2 | ||||||
Telefonkode | +373 | ||||||
Toppnivådomene | .md
|
Moldova (rumensk Republica Moldova) er ein republikk i Aust-Europa som grensar til Romania i vest og Ukraina i nord, aust og sør. Landet er eit parlamentarisk demokrati med ein president som statsoverhovud og ein statsminister som leiar av regjeringa. Det offisielle språket i landet er moldovsk,[1] som er særs likt rumensk. 11 % av innbyggjarane har russisk som morsmål.[2]
Det meste av Moldova var ein del av det historiske fyrstedømet Moldavia og vart annektert frå Det osmanske riket av Det russiske keisardømet i 1812, som ein del av Bessarabia. Då Det russiske riket vart oppløyst i 1918 vart Bessarabia ein del av Stor-Romania. I 1940 okkuperte Sovjetunionen Bessarabia og Nord-Bukovina og etter den andre verdskrigen vart desse områda delt mellom Ukrainsk SSR og Moldovisk SSR. Moldovisk SSR erklærte sjølvstende frå Sovjetunionen 27. august 1991, og endra så namn til Republikken Moldova. Russiske styrkar har likevel vore att på moldovske område, i utbrytarregionen Transnistria, som før 1940 var ein del av Ukrainsk SSR, trass i at Russland har signert internasjonale forpliktingar om å trekke seg ut.[3]
Moldova er medlem av Dei sameinte nasjonane, WTO, OSCE, GUAM, Samveldet av sjølvstendige statar, BSEC og andre internasjonale organisasjonar. Moldova har offisielt vore eit nøytralt land sidan sjølvstendet og tidlegare eit medlemsland i det NATO-styrte Partnership for Peace. Moldova prøver for tida å få medlemskap i EU.[4]