Ein motorsykkel er eit tohjula køyretøy som får krafta si frå ein motor. Hjula står på line, og ved høg fart held motorsykkelen seg oppreist og stabil ved hjelp av gyroskopiske krefter. Ved lågare fart held motorsyklisten sykkelen stabil gjennom kontinuerleg å justere styret. Motorsyklisten sit med eitt bein på kvar side av setet, hendene på handtaka på styret og føtene på fotkvilarar som stikk ut frå sykkelramma.