Narvik kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Adm.senter | Narvik | ||
Areal | 3 432 km² | ||
• land | 3 201 km² | ||
• vatn | 231 km² | ||
Folketal | 21 580 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Rune Edvardsen (Ap) | ||
Kommunenr. | 1806 | ||
Narvik 68°26′02″N 17°24′22″E / 68.434°N 17.406°E | |||
Kart som viser Narvik kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Narvik | |||
Nettstad: www.narvik.kommune.no |
Narvik er ein bykommune i Nordland fylke. Administrasjonssenteret er Narvik.
Han grensar til kommunane Evenes og Tjeldsund i nordvest, Gratangen, Lavangen og Bardu i nord, og Hamarøy i sørvest. I aust og sør ligg Sverige.
Narvik har isfri hamn heile året, og sidan byrjinga av 1900-talet og fram til i dag har byen vore den viktigaste hamna for utskiping av jarnmalm frå LKAB-gruvene i Kiruna. Målt i tonnasje er Narvik framleis ein stor sjøfartsby. På grunn av sjø, veg og jernbane er byen eit distribusjonsknutepunkt for ei rekkje handelsvarer.
Den 1. januar 2020 vart Ballangen kommune og delar av Tysfjord kommune slegne saman med Narvik.[1] Dei endra då kommunevåpenet til eit relieff av Stetinden.[2] Tidlegare hadde Narvik eit anker i gull på raud bakgrunn som våpen.
Fotballklubben Mjølner held til her.