Nazisme er kortforma for ordet «nasjonalsosialisme», som er nemninga dei tyske fascistane bruka om seg sjølve. Nazisme som ideologi byggjer blant anna på sosialdarwinisme[1] og ei viss tolking av tankar frå den tyske filosofen Friedrich Nietzsche.[2] Det tyske fascistpartiet kalla seg det «Nasjonalsosialistiske Tyske Arbeidarpartiet», NSDAP, og føraren deira var Adolf Hitler.