Netanya | |||
by | |||
Det sørlege Netanya frå nabolaget Poleg
| |||
|
|||
Namneopphav: Guds gåve | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Koordinatar | 32°20′0″N 34°51′0″E / 32.33333°N 34.85000°E | ||
Areal | 28,455 km² | ||
Folketal | 192 200 (2012) | ||
Folketettleik | 6 755 / km² | ||
Grunnlagd | 18. februar 1929 | ||
Netanya 32°19′43″N 34°51′24″E / 32.328611111111°N 34.856666666667°E | |||
Kart som viser Netanya.
| |||
Wikimedia Commons: Netanya |
Netanya (hebraisk skrift נְתַנְיָה, tyder, «Guds gåve») er ein by i nord i Det sentrale distriktet i Israel, og er hovudstaden på den kringliggande Sharonsletta. Han ligg 30 km nord for Tel Aviv, og 56 km sør for Haifa, mellom elva Poleg og Wingate Institute i sør og elva Avichail i nord. Netanya fekk namn av Nathan Straus, ein markant jødisk-amerikansk kjøpmann og filantrop tidleg på 1900-talet.
Dei 14 km lange strendene har gjort byen til ein populær feriestad. I tillegg er byen kjend for dei mange immigrantane. Ein stor del av folkesetnaden i byen er emigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen, Frankrike og Etiopia, og byen har vorte heimstad til ein stor folkesetnad av emigrantar frå Storbritannia, USA og Canada.
I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde byen mot slutten av 2009 eit folketal på 183 200.[1] I tillegg bur kring 150 000 menneske i lokale og regionale kommunar innafor 10 km av Netanya, som tener som regionssenter. Det er venta at folketalet i byen når 350 000 innan 2020.[2]