Nick Drake | |||
Nick Drake, 1971 | |||
Fødd | 19. juni 1948 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Yangon | ||
Død | 25. november 1974 (26 år) | ||
Dødsstad | Tanworth-in-Arden | ||
Fødenamn | Nicholas Rodney Drake | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1969-1972 | ||
Sjanger | Folk | ||
Instrument | Vokal Gitar Piano Klarinett Saksofon | ||
Plateselskap | Island Records | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar | ||
Mor | Molly Drake |
Nicholas Rodney Drake (19. juni 1948–25. november 1974), kjend som Nick Drake var ein britisk musikar og låtskrivar rekna for å ha hatt stor innverknad på folkrocken på slutten av 1900-talet.[1]
Han skreiv og komponerte alle songane sine sjølv, ei original blanding av roleg rock og britisk folkemusikk, svært melankolsk og ofte dyster, men aldri aggressiv. I løpet av sitt korte liv gav han ut tre album, og trass i svært gode kritikkar blei ikkje nokre av albuma hans store suksessar medan han levde.