Nick Jameson

Nick Jameson
Statsborgarskap USA
Fødd 10. juli 1950 (74 år)
Columbia i Missouri i USA
Yrke Skodespelar, stemmeskodespelar, songar, låtskrivar, komponist, musikar og plateprodusent
Aktive år Sidan 1968
Språk engelsk

Nick Jameson (fødd 10. juli 1950) er ein USA-amerikansk skodespelar, songar, låtskrivar, musikar og plateprodusent, kanskje mest kjend for rolla som den russiske presidenten Juri Suvarov over tre sesongar av serien 24.

Jameson har hatt roller i TV-seriane Mission Hill, The Critic, 24, Lost, The King of Queens og hatt stemma til forskjellige roller i Star Wars: Clone Wars. Han har spelt i over 114 filmar og hatt røysta til Max i videospelet Sam & Max Hit the Road og Psychonauts.

Jameson har òg hatt ein aktiv musikkarriere. Han var ei kort stund uoffisielt medlem av Foghat, og produserte fleire av albuma deira, inkludert Fool for the City med hitten «Slow Ride». Han har òg gjeve ut eit par soloalbum, Already Free og A Crowd of One[1] sistnemnde med singelen «Weatherman», som gjekk inn på Billboard Hot 100.[2]

  1. Mulron, Evin (25. mai 2005). «Foghat Related Discography». Foghat. Arkivert frå originalen 7. februar 2012. Henta 2. september 2013. 
  2. A Crowd of One - Nick Jameson|Awards|AllMusic (chart positions) @AllMusic.com Henta 8-3-2013.

Developed by StudentB