Nikolai Astrup | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. august 1880 Bremanger kommune |
Død |
21. januar 1928 (47 år) |
Yrke | kunstmålar, grafikar |
Mor | Petra Constanse Lodtz Astrup |
Ektefelle | Engel Astrup |
Born | Turi Astrup |
Nikolai Astrup på Commons |
Nikolai Astrup (30. august 1880–21. januar 1928) er rekna som ein av dei største norske kunstnarane frå tidleg 1900-tal.
Kunstnaren sette pris på sterke, klare fargar og skildra oftast natur, hovudsakleg frå heimbygda si i Jølster. Astrup høyrde til den nyromantiske rørsla av kunstnarar. Fleire av bileta hans, som vert rekna som naivistiske og ekspressive, er selde for millionsummar i dei store auksjonshusa i Europa. Medan kunstnaren sjølv var i live gav han dei same bileta vekk i byte mot mat.
Han studerte kunst hos Harriet Backer mellom 1899 og 1901 og hos Christian Krogh i Paris i 1902. I tillegg til måleri er han også kjent for tresnittarbeida sine.