Република Северна Македонија Republika e Maqedonisë së Veriut (norsk: Nord-Makedonia, makedonsk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Denes nad Makedonija (I dag over Makedonia)» | ||||||
Motto | Ukjent | ||||||
Offisielle språk | Makedonsk1 | ||||||
Hovudstad | Skopje | ||||||
Styresett |
Republikk Stevo Pendarovskiv Talat Xhaferi | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
25 713 km² (147.) 1,9 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Folketeljing (2021) – Tettleik |
2 103 721 (143.) 1 836 713 81,8 /km² (101.) | ||||||
Sjølvstende |
8. september 1991 | ||||||
Nasjonaldag | 2. august | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
28 890 mill. USD (127.) 14 400 USD (90.) | ||||||
Valuta | Makedonsk denar | ||||||
Tidssone | UTC +1 | ||||||
Telefonkode | +389 | ||||||
Toppnivådomene | .mk | ||||||
1Alle språk som snakkast av minst 20% av innbyggjarane i ein kommune er offisielle språk i den kommunen. Dette inkluderer språk som albansk, tyrkisk, serbisk, romanés, osb. |
Nord-Makedonia (makedonsk: Северна Македонија, Severna Makedonija; albansk: Maqedonia e Veriut), offisielt Republikken Nord-Makedonia (makedonsk: Република Северна Македонија, Republika Severna Makedonija; albansk: Republika e Maqedonisë së Veriut), er eit land på Balkan søraust i Europa som grensar til Serbia og Kosovo i nord, Hellas i sør, Albania i vest og Bulgaria i aust.
Nord-Makedonia utgjer om lag 35,8 % av heile regionen Makedonia og 40,9 % av innbyggjartalet. Hovudstaden er Skopje med om lag 500 000 innbyggjarar. Av andre mindre byar finn ein Bitola, Kumanovo, Prilep, Tetovo, Ohrid, Veles, Sjtip, Kotsjani, Gostivar og Strumitsa. Landet har meir enn femti naturlege og kunstige innsjøar og seksten fjell høgare enn 2 000 meter over havet.
Landet er medlem av Dei sameinte nasjonane og Europarådet, i tillegg til La Francophonie, Verdshandelsorganisasjonen (WTO) og Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa. Sidan desember 2005 har landet òg vore ein kandidat for EU og NATO.