Norddal kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Valldal | ||
Areal | 944 km² | ||
• land | 902 km² | ||
• vatn | 42 km² | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Arne Sandnes (Sp) | ||
Kommunenr. | 1524 | ||
Norddal kommune 62°17′32″N 7°26′18″E / 62.292222222222°N 7.4383333333333°E | |||
Kart som viser Norddal kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Norddal | |||
Nettstad: www.norddal.kommune.no |
Norddal er ein tidlegare norsk kommune på indre Sunnmøre i Møre og Romsdal. Han grensa til Stordal i nordvest, Rauma i nord og aust, Skjåk i søraust, og Stranda i sør og vest. 1. januar 2020 vart han slegen saman med Stordal kommune til Fjord kommune.
Bygder i kommunen var Eidsdal, Fjørå, Tafjord, Valldal, og Norddal (Dalsbygda). Kommunesenteret låg på Sylte i Valldal. Det er grunnskular i Valldal og Eidsdal, næraste vidaregåande skule er Stranda. Norddal er også prestegjeld med kyrkjer på Sylte og i Dalsbygda.
Kommunen var ein av dei store jordbrukskommunane på Sunnmøre. I kommunen vert det dyrka mellom anna korn, jordbær og aprikos. I kommunevåpenet finn ein att jordbæra. Norddal kommune, og særskilt Tafjord, er kjent for relativt mildt klima og vill natur. Alle bygdene unnateke Fjørå er djupe dalar. Tafjord Kraft nyttar fallhøgdene i Tafjordvassdraget (og Muldal) og nedbørsfeltet i Tafjordfjella til produksjon av elektrisitet.
Langs Tafjorden, innover Sunnylvsfjorden og utetter Storfjorden var det ei rad veglause fjord- og fjellgardar, til dømes Skrenakken, Verpesdalen og Smoge. Alle gardane var fråflytta før 1960. Storfjordens venner driv vern av desse kulturminna.[1]