Normannarar

Dei normanniske områda på 1100-talet

Normannarar («nord-mennene») var opphavleg skandinavar, spesielt danske vikingar som mot slutten av 800-talet byrja å etablere seg i den nordlege delen av Frankrike som no blir kalla Normandie. Under høvdingen Rollo (moglegvis identisk med Gange-Rolv) svor dei truskap til Karl III av Frankrike, som i 911 gav dei eit område ved den nedre Seinen som dei etterkvart utvida til hertugdømet Normandie.

Dei tok til seg kristendommen og det franske språket, og skapte ein kulturell identitet som avveik både frå den skandinaviske og den franske. Normannarane var blant anna kjende for å vere driftige og for evna til å tilpasse seg, noko som førte til at dei med hell okkuperte fleire område i Europa. Spesielt viktige blant desse er England og Sicilia, men dei etablerte seg òg blant anna i Wales, i Skottland og på Irland.


Developed by StudentB