Normannisk normand | ||
Klassifisering | indoeuropeisk italisk romansk galloromansk oïl-språk | |
Bruk | ||
Tala i | Frankrike | |
Område | Normandie | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | roa | |
Wikipedia på normannisk |
Normannisk er eit romansk språk som er nært i slekt med fransk og pikardisk. Det er blitt tala i Normandie og Storbritannia og er det vestlegaste av oïl-språka. Språket har også norrøne trekk etter vikingane som erobra Normandie.
I Storbritannia utvikla det seg til anglonormannisk, som blei brukt i visse samanhengar fram til 1600-talet, og til dei noverande språka jèrriais, guernésiais og sercquiais på Kanaløyane Jersey, Guernsey og Sark. Det har innverka noko på det fellesfranske ordforrådet og mykje på det moderne engelske.