Norske regjeringar

Norske regjeringar har styrt Noreg sidan landet gjekk ut av union med Danmark i 1814. Regjeringa vert utnemnd av kongen som i prinsippet kan utnemna kven han vil som medlem av sitt råd, statsrådane (ofte kalla «ministrane»). Formelt sett er det statsminister og utanriksminister, dei andre i regjeringa er formelt sett statsrådar. Til denne tid har kongane likevel godkjend statsministeren sine framlegg til statsrådar. Om stortingsvalet gjev eit anna parti fleirtal vil den sitjande regjeringssjefen søkja kongen om avskil. Han vil då tilrå kongen ein annan statsministerkandidat. I 1928 fekk kong Haakon VII motstridande råd, og kongen gav oppdraget med å danne regjering til det største partiet, Det norske Arbeidarpartiet. Christopher Hornsrud danna deretter Noreg si fyrste arbeidarpartiregjering.

Ei regjering kan endrast undervegs ved at statsrådar vert skifta ut eller skiftar departement. Trass i dette vert regjeringa rekna å vera den same så lenge statsministeren sit.


Developed by StudentB