North Downs

North Downs
verneområde
North Downs
Land  England
Grevskap Kent, Surrey
Stad Søraust-England
Høgaste punkt
 •  høgd 267 moh.
biom Temperert lauvskog
Geologi kalk
Styre Kent Downs AONB, Surrey Hills AONB
Kart
North Downs
51°16′00″N 0°30′00″W / 51.266666666667°N 0.5°W / 51.266666666667; -0.5
Wikimedia Commons: North Downs

North Downs er ein rygg av kalksteinsåsar søraust i England som strekkjer seg frå Farnham i Surrey til White Cliffs of Dover i Kent. Dei er forma av elvene Wey, Mole, Darent, Medway og Great Stour, og utgjer den nordlege delen av Weald, med South Downs som «speglbilete» på den andre sida. Det høgaste punktet er Leith Hill sør for Dorking i Surrey, som er 294 moh.

På grunn av den porøse kalksteinen er det lite tre i området, med unntak av nokre område på sørsida. Elles er det tørre dalar, der ein finn ei rekkje små landsbyar.

North Downs ligg innanfor to Areas of Outstanding Natural Beauty (AONBs), Surrey Hills og Kent Downs. North Downs Way National Trail går langs North Downs frå Farnham til Dover.


Developed by StudentB